Nye bilder

Lubbeverkastaden i løa!

Det går mot jul og då må me få litt julastemning her,lørdag og søndag kom nokre nissar på besøk til Sunnhordland museum,dei oppretta ein lubbeverkstad i løa noko dei gjere kvart år. Lubbenissane samla små og store som fekk sjå at her jobba dei på med å spøtta lubber til alle borna som ønskte seg lubber til jul. Historia fekk ei dramatisk vending då nokre born ikkje ønskte seg lubber,men historia enda heldigvis godt,for å frysa på føttene kan me ikkje. Framføringa av Lubbenissane er på 2 året på rad Sunnhordland museum arrangerer,og me håper nissane kjem attende til neste år.Ha ei god adventstid!;-D

Kveldens Fitjar bilde!

Kveldens bilde viser eit flott kunstverk frå rundkjøringa i Fitjar kommune,dette er det første bilde som kjem her på portalen og me håper det vil bli meir etter kvart!;-) Men sitt du med eit bilde du vil visa i frå Fitjar så er du velkommen til å visa det her! For skal me ha ein Sunnhordlands-portal her på Origo så må me få Fitjar meir fram her for det fortjener dei og så vil me bli meir kjendt med kommunen og folket!;-)

Sæbøvikfestivalen 2011

Her på portalen oppdateres det ikkje ofte,men no kan me legga ved nokre skryteord i frå Kvinnherad og det er så kjekt,ein gjeng tok nemlig turen til Halsnøy og til den flotte Sæbøvikfestivalen som dei har kvart år,kva som er kjekkast veit me ikkje,men fiskekonkurransen må nevnast,ok så vann me ingen premie av små og store av mannskap ombord på “Garbriela” men me hadde det kjekt i fleire timar då me fekk 14,95 kg fisk,dvs 1 pale,1 lyr og resten makrell som sikkert var over 40 stk i løpet av 2 1/2 time,ein 8 åring talde fiska som kom ombord (ho var ekstra mannskap på turen og var så flink og fekk ein makrell via harpo)…men me kom litt ut av tellinga,må nevna at me brukte fiskestang og fekk ingen napp,men med ein gong harpo slapp uti så blei det napp,så det endte med at me tok ut to harper.Så minnet er her for livet for oss båtturistar som var med på festivalen for første gang,tusen takk Halsnøy/Sæbøvik dåke er kjempeflinke!;-) Her ligg ein bilde serie på 18 bilder samt at Avisa Kvinnheringen har ein eigen bilde serie og Avisa Sunnhordland har ein eigen repotasje"

Tysnesfesten i gong!

"Pressefoto"Med habba habba!;-))))

Fitjar russen!

Fitjarrussen tok turen til vikjo for å vera med i russatoget på årets nasjonal dag for 197-ende gang,været var dei og heldige med tross småbyger som dukka opp innimellom.

Alf Prøysen og vennene hans!

Dette er ei dramatisering av Prøysen sine barne og ungdomssonger. Me får vera med Familien Prøysen frå første dag når dei flyttar inn i Prestvægen. Ein liten gut som heiter Alf blir født og veks opp saman med alle sine vener på to og fire.

Eit nytt portal år!

Godt nytt år! Dagens bilde viser fullmåne,og det kan tenkjast kan at nye verdsborgara i Sunnhordland i natt kjem til verda!;-D

Stordfest 2010

For dei som gjekk glipp av Stordfesten kan få ein liten smakebit via albumet her

God sommer Sunnhordland!

I kveld er det Jonsokfeiring over heile landet og sjølvsagt i Sunnhordland vil med dette få ønskja alle ei flott og solrik sommar. Nokre lenkjer må me legga ved her over kva som skjer om noko blir gløymt så legg ein kommentar slik at me kan få da på link

Stordfest , Tysnesfest

Gratulera med 17 mai!

Raudrussen 2010

Gratulera med dagen alle sammen, ein dag som var svært så velykka både med sol og store tog. Årets russekull var i år svært så kreative på Stord.Her var alt i frå raudmala bilar, til trillebår, trehjulsyklar berre for å nevna noko. Lesarbilde og repotasje

Annonse

Sunnhordlands-portalen.no

Følgt av 33 medlemmar.

Ein portal for alle som er tilknytta Sunnhordland, bur der, har flytta der i frå eller som vil bli meir kjendt med regionen
.
BYGDENYTT

▬► TYSNESBLADET
▬► TYSNESINGEN
▬► TYSNES SOGELAG
▬► BØMLO NYTT
▬► BYGDATUNET LANGEVÅG
▬► SKÅNEVIK NYTT
▬► ETNE SOGELAG
▬► VARALDSØY NYTT
▬► HUGLO NET Meir om sona

Origo Sunnhordlands-portalen.no er ei sone på Origo. Les meir